Fra romfysikk til lokalaviser
Sigve Smedsrud Harang (29) ble ansatt våren 2020 og er en av Amedias nyeste medarbeidere. Les mer
Viktig
innhold.
Hver dag.
Fortell kort om bakgrunnen din:
Eg er 23 år og kjem frå Høyanger, ei industribygd i gamle Sogn og Fjordane. Som person er eg nysgjerrig, sosial men introvert, tek ordet når eg er engasjert og lyttar når eg er interessert. Etter at eg gjekk på vidaregåande skule i Høyanger flytta eg til Bergen, der eg gjekk tre år på bachelorstudium i samanliknande politikk. Eg trivst godt i regnbyen, og skjønte fort at det var ein by eg fint kunne bli verande i. Men plutseleg dukka det opp ei utlysing frå Nynorsk Avissenter i Førde, og eg bestemde meg for å søke. Eg kom inn, og hadde seks lærerike månadar som nynorskpraktikant.
Hva går jobben din ut på?
Eg er allround-journalist i Avisa Nordhordland, ei lita lokalavis med berre tre journalistar. Det krev at eg må kunne dekke alle områder, og jobbe med både kjappe nyheitssaker og tyngre saker. Eg har faste veker med nettvakt og kveldsvakt der eg oppdaterer meg på siste nytt, har ansvar for ein vakttelefon og styrer fronten på nettavisa samtidig som at eg jobbar med saker. Om det skjer ulykker eller liknande så må eg vere klar til å rykke ut, og etterpå kome kjapt tilbake for å få ut nyheita. Det kan bli mange timar åleine når ein jobbar i ein liten redaksjon, og på den måten lærer ein å bli sjølvstendig. Å jobbe i ei lita avis er hektisk, men gøy!
Hvordan havnet du denne bransjen og hvorfor ble det Amedia?
Eg hadde tidlegare leika med tanken om å bli journalist, men det var ikkje før eg oppdaga Nynorsk Avissenter at eg gjorde alvor ut av det. Som nynorskpraktikant i Førde produserte eg saker for regionsavisa Firda. Eg jobba side om side med erfarne journalistar og hadde ei bratt læringskurve. Firda er ein del av Amedia, og eg var med på fleire kurs og møter med tilsette i konsernet. Dei to siste månadane hos Nynorsk Avissenter vart eg utplassert hos Avisa Nordhordland, som også høyrer til Amedia. Eg fekk tilbod om 6 månadars vikariat i avisa, noko eg gledeleg takka ja til.
Etter å ha vore journalist i Firda og Avisa Nordhordland har eg blitt stor tilhengar av Amedia sin strategi. Amedia har eit stort fokus på digital vekst, og som ung føler eg at eg har mykje å bidra med i utviklinga av den digitale avisa. Det er enkelt å følgje med på tal og analyser for avisa gjennom Amedia, slik at ein veit akkurat kva som må til for å bli betre.
Hva er det mest spennende med jobben din?
Avisa eg jobbar i dekker eit stort område. Det er aldri mangel på saker å skrive om, og som lokalavis kan vi dessutan senke terskelen ganske mykje for kva som er ei sak og ikkje. Alt frå biesafari og svømmande hoggormar til omfattande byggeprosjekt og politikk er saker som slår godt an hos lesarane. Dessutan får eg stor fridom til å sjølv setje planen for dagen og jobbe med interessante saker som eg sjølv finn.
Hva gjør at du gleder deg til å gå på jobb?
Som allround-journalist jobbar eg med varierte saker kvar dag. Det er alltid noko nytt å gripe fatt i, noko som sørger for at ingen av arbeidsdagane blir like. Kvar dag lærer eg noko nytt og får moglegheita til å snakke med nye menneske med ei unik historie. Gode kollegaar og eit bra arbeidsmiljø er også gull verdt for trivselen.
Hva syns er den største utfordringen med jobben?
Avisa Nordhordland konkurrer med ei anna lokalavis i området. Vi må difor alltid vere på vakt både ved å vere først ute med sakene og for å skrive betre saker enn konkurrenten. Avisene er jamnstore og vi kjempar difor hardt for å få abonnentane på vår side. Denne konkurransesituasjonen er heilt ny for meg, og er noko av det eg ser på som ein av dei største utfordringane ved jobben. Samstundes er det ekstremt motiverande når vi klarar å slå konkurrenten.